Lars Pedersen () var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Gran på Hadeland. Han var stortingsrepresentant 1922-24 frå valkrinsen Oppland.

Lars var frå unge år smed og mekanikar på A/S Randsfjord Træmasse og Papirfabrik på Jevnaker. Han kom tidleg med i arbeidarrørsla og tok på seg mange tillitsverv. I fleire periodar var han medlem av Jevnaker kommunestyre, sat også i formannskapet.

Valbolken 1922-24 var Pedersen stortingsmann. Han representerte Det norske Arbeidarparti til hausten 1923. Etter Arbeidarpartiet vart sprengt, representerte han Norges Kommunistiske Parti. Han var ein av få «her i distriktet» som heldt fast på medlemskapen i NKP. Oppland Arbeiderblad skreiv om han at «Pedersen er en interessert og grei kar som går inn for de saker som ligger ham på hjertet».

Kjelder

Opland Arbeiderblad 24. januar 1939

Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Norske arbeidarar