Caterina Irene Elena Maria Boyle, lady Saunders (fødd 29. mai 1926 i Firenze, død 20. mars 2018), best kjend som Katie Boyle, var ein britisk skodespelar og TV-personlegdom. Ho deltok i ei rekkje tv-program i Storbritannia frå slutten av 1950-åra, og ho leia fire utgåver av Eurovision Song Contest – meir enn nokon andre.

Bakgrunn Boyle blei fødd i Firenze i Italia, som dotter av ein italiensk marki og den engelske kona hans. Boyle drog til Storbritannia i 1946 og starta ein modellkarriere der ho blant anna gjorde oppdrag for Vogue. I 1950-åra spela ho også i filmar som Old Mother Riley, Headmistress (1950), I'll Never Forget You (1951), Not Wanted on Voyage (1957), Intent to Kill (1958) og The Diary of Major Thompson (1955), filma i Frankrike av Preston Sturges.Boyle, Katie, What This Katie Did: An Autobiography. Littlehampton Book Services Ltd, 1. utgave (9. oktober 1980); .

Mot slutten av 1950-åra byrja Boyle som kanalvert i BBC Television Service, og ho fekk raskt ein stor karriere innan britisk fjernsyn. Ho dukka opp som paneldeltakar i ulike underhaldingsprogram på BBC utover i 1960-åra.Turow, J. (2010), Playing Doctor: Television, Storytelling, and Medical Power, University of Michigan Press, 978-0472034277, side 296.

Boyle er også kjend for å ha vore programleiar for Eurovision Song Contest. Til saman leia ho fire internasjonale finalar: 1960 i London, 1963 i London, 1968 i London og 1974 i Brighton. I 1974 skal ho ha stilla på scena uten undertøy under satengkjolen. Det sterke studioljoset gjorde nemleg undertøyet synleg under kjolen, og ho droppa undertøyet kort tid før sending.O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest – The Official History. Carlton Books, Storbritannia 2007; Boyle fekk kultstatus innan Eurovision-miljøet, og ho var æresgjest då BBC arrangerte Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham.

Privatliv I 1947 gifta Boyle seg med earl Richard Bentinck Boyle. Ekteskapet blei løyst opp i 1955, men ho heldt på etternamnet. Same år gifta ho seg med løpshest-eigaren Greville Baylis, og dei var gift fram til han døydde i 1976. I 1976 gifta ho seg med teatermannen Peter Saunders som døydde i 2003.

I boka Queen Elizabeth II: A Woman Who Is Not Amused, hevda forfattar Nicholas Davies at Boyle hadde ein langvarig romanse med prins Philip i 1950-åra.Davies, Nicholas. Queen Elizabeth II: A Woman Who Is Not Amused. A Birch Lane Press Book; Boyle avviste sjølv påstandane: «Det er latterleg, berre oppspinn. Når noko står på trykk, trur folk på det. Du kan heller ikkje gå rettens veg, for det er å helle bensin på bålet, så du må berre godta at folk fortel løgnar om deg», sa ho i eit intervju i 2004.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Katie Boyle» frå , den 30. mai 2023.

Bakgrunnsstoff

Katie Boyle hos Internet Movie Database. Katie Boyle hos The Movie Database. Katie Boyle hos Rotten Tomatoes.

Kategori:Britiske skodespelarar Kategori:Britiske programleiarar Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar Kategori:Folk frå Firenze