Nils-Ole Foshaug () er ein norsk skulemann og politikar frå Målselv i Troms, ordførar 2015–19 i Målselv kommune. Sidan 2021 representerer han Troms og Arbeidarpartiet på Stortinget.
Foshaug er utdanna lærar. Sidan 1998 har han hatt leiiande stillingar ved ulike skular i Målselv, både ved barneskule og ungdomsskule, og som inspektør og som rektor.
Foshaug var medlem av kommunestyret i Målselv frå 2007, ordførar perioden 2015–19. Arbeidarpartiet gjekk tilbake ved kommunevalet 2019 og Foshaug lukkast ikkje behalde ordførar-ombodet. Derimot vart han vald inn i Stortinget 2021-25 som andrekandidat for Arbeidarpartiet i Troms. På Tinget er han medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.
Kjelder stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Ordførarar i Målselv Kategori:Ap-ordførarar i Troms Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Målselv