Annichen Cecilie Kringstad () er ein svensk tidlegare orienteringsløpar fødd i Oslo. Ho vart verdsmeister tre gongar i rad åra 1981, 1983, 1985, både i den individuelle tevlinga og som ankerkvinne for Sveriges stafett-mannskap.

Karriere Omframt dei suksessrike verdsmeisterskapane, sigra Kringstad perioden 1981 til 1986 i femdagars-tevlinga O-Ringen i fem av seks år. I nordiske meisterskap var ho i 1982 med på å sikre svensk stafettgull, to år seinare vart det sølvplass i same øvinga. Nasjonalt vart ho svensk meister i klassisk løype åra 1981, 1984 og 1985, på langdistanse tok ho SM-gull i 1984 og 1985.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap VM 1979: Nr 9 individuelt VM 1981: Gull individuelt og i stafett VM 1983: Gull individuelt og i stafett VM 1985: Gull individuelt og i stafett

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Annichen Kringstad» frå , den 26. juni 2023.

Kategori:Svenske orienteringsløparar Kategori:Folk frå Oslo