For Ladies Only er det sjette studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf. Albumet kom ut i november 1971 på Dunhill Records. Det er eit politisk konseptalbum som hovudsakleg handlar om feminisme, men som òg inneheld fleire meir konvensjonelle songar om romantikk, begge uvanlege tema for Steppenwolf. Nokre kritikarar meinte at albumet var sexistisk, med tilvising til songtekstane og eit bilete av ein bil forma som ein penis ved sida av Hollywood Walk of Fame på innsida av omslaget. På albumet hinta bandet til progrock-rørsla som var populær på den tida, med meir komplekse arrangement og sofistikert klaverspel, spesielt på tittelsporet. Til liks med det førre albumet vart det akkompagnert av to mindre hitsinglar som akkurat ikkje nådde topp 40.[ Steppenwolfs hitlistehistorikk i USA], Billboard.com. Henta 18. januar 2013.
Sologitaristen Kent Henry frå Blues Image erstatta Larry Byrom før innspelinga av dette albumet. Albumet var det siste med nytt materiale for Steppenwolf før bandet vart oppløyst i februar 1972.
Mottaking Albumet låg på 54. plassen på Billboard 200. Albumet vart ikkje godt motteke av meldarane, og Robert Christgau skreiv «Desse karane har sanneleg mista den hippe auraen sin.» AllMusic-skribenten Joe Viglione skreiv: «I ettertid er For Ladies Only ein fin artefakt av eit band som kanskje vart bede om å skapa for mykje for tidleg.»
Record World skreiv at tittelsporet «er solid i den hardkøyrande, hardrockande tradisjonen til Steppenwolf».
Innhald
Medverkande
Steppenwolf John Kay – vokal, gitar Kent Henry – sologitar George Biondo – vokal, bassgitar Goldy McJohn – Hammondorgel, piano Jerry Edmonton – trommer
Technical Richard Podolor – produsent Bill Cooper – lydteknikar Tom Gundelfinger – fotografi, design
Salslister Album - Billboard (USA) yearListePlassering1971Billboard 20054
Singles - Billboard (USA) yearSingelListePlassering1971«For Ladies Only»Billboard Hot 100641971«Ride With Me»Billboard Hot 10052
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «For Ladies Only» frå , den 3. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Steppenwolf-album Kategori:Album produserte av Richard Podolor Kategori:MCA Records-album Kategori:Konseptalbum