Pascal Behrenbruch () er ein tysk tidlegare mangekjempar frå  Offenbach am Main. Han vart i 2012 europameister i tikamp.

Behrenbruch forbetra sin personlege rekord med 10 poeng og kom på femteplass i tikampen i EM i friidrett 2006 med 8 209 poeng. I 2007 forbetra han seg til 8 239 då han vart han nummer 2 i U23-EM i Debrecen. Under meistermøtet i Götzis 31. mai 2009 vart han tredjemann med 8 374 poeng. Ved verdsmeisterskapen 2009 i Berlin auka han sitt personbeste til 8 439 poeng og vart nummer 6. I det neste VM i friidrett, i Doha i 2011, enda Behrenbruch på sjuandeplassen i tikampen.

Høgdepunktet for Behrenbruch då han i EM i friidrett 2012 i Helsinki presterte livsbeste 8 558 poeng og vann gullmedaljen, 237 fleire poeng meir enn sølvmedaljør Oleksij Kasjanov. Under Sommar-OL i London same sommaren måtte han med 8 126 poeng nøye seg med ein tiandeplass. Året etter vart han nummer 11 i Moskva-VM med 8 316 poeng. Sidan makta han ikkje nå sitt toppnivå i mangekampane.

Kjelder

Pascal BEHRENBRUCH | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Pascal Behrenbruch» frå , den 20. august 2023.

Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012 Kategori:Folk frå Offenbach