William Hooker Gillette () var ein amerikansk skodespelar og manusforfattar frå Hartford i Connecticut. Han var son av politikaren Francis Gillette.

Gillette var ein av dei fyrste som spelte Sherlock Holmes på film, etter å ha framstilt detektiven på scenen over 1300 gonger.

Dramaet hans Held by the Enemy (1886) var eit stort steg fram for moderne teater i USA, gjennom at det la vekk mange trekk frå det samtidige melodramaet.

Gillette bygde sitt eige slott ved Connecticut-elva i Connecticut, kjent som Gillette Castle, som no er del av Gillette Castle State Park.

Filmografi

1913 - The Battle at Fort Laramie 1914 - The Delayed Special 1916 - Sherlock Holmes

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «William Gillette» frå , den 8. september 2023.

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet