«A-ba-ni-bi» (hebraisk røvarspråk א-ב-ני-בי, tyder ‘eg’) er ein israelsk discolåt som vann Eurovision Song Contest 1978 for Israel. Songen blei framført av Izhar Cohen og gruppa Alphabeta og er komponert av Nurit Hirsh, mens Ehud Manor skreiv teksta. Dette var den fyrste sigeren til Israel i Eurovision Song Contest, og songen fekk ein viss kommersiell suksess i Europa etter sigeren.

Eurovision Song Contest Den israelske finalen, Den hebraiske song- og korfestivalen, blei arrangert i Jerusalem 11. februar 1978. Der vann Izhar Cohen og «A-ba-ni-bi» ein hårfin siger med 66 poeng og blei det israelske bidraget til Eurovision Song Contest 1978.

Eurovision Song Contest 1978 blei arrangert i Paris laurdag 22. april 1978. Der var «A-ba-ni-bi» det ut på scena av . I avrøystinga tok det israelske bidraget raskt ei klår leiing og vann til slutt heile tevlinga med . Den norske juryen gav til «A-ba-ni-bi».

Fleire arabiske land sende også Eurovision Song Contest på fjernsyn. Då det israelske bidraget blei framført, viste den jordanske kringkastaren i staden eit bilete av blomar. Då det i tillegg blei klårt at Israel kom til å vinne, avbraut jordansk tv heile sendinga under påskot av at dei hadde tekniske problem. Dagen etter erklærte same tv-kanal at andreplassen Belgia hadde vunne.

Teksta og tittelen Tittelen «A-ba-ni-bi» er på eit røvarspråk, kalla bet-språket, på hebraisk. Røvarspråket blir brukt av barn og går ut på at kvar vokal eller diftong blir duplisert med ein b framfor seg. I dette tilfellet er tittelen henta frå det hebraiske ordet אני (ani), som betyr ‘eg’ på norsk. Formelen blir dimed: ani: a-(b+a)-ni-(b+i) = a-ba-ni-bi.

Tittelen betyr dimed ganske enkelt ‘eg’. I teksta syng Cohen blant anna korleis dei som barn brukte språket til å seie «eg elskar deg», så dei vaksne ikkje skulle forstå.

Listeplasseringar Liste Høgasteplassering Vekerpå lista Tredde innpå lista (Ö3 Austria Top 40)21415. juni 1978 , Flandern (Ultratop)6713. mai 1978 (IFOP)251521. april 1978 (Nationale Top 30)17527. mai 1978 (UK Singles Chart)20713. mai 1978 (Schweizer Hitparade)4713. mai 1978 (Sverigetopplistan)932. juni 1978 (Deutsche Offizielle Charts)2265. juni 1978

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A-ba-ni-bi» frå , den 7. november 2023.

Kategori:Israelske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Eurovision Song Contest 1978-songar Kategori:Hebraiskspråklege Eurovision Song Contest-songar