Bet, beth, beh eller vet er det andre bokstaven i semittiske abjadar, inkludert fønikisk 'bēt', 𐤁, hebraisk bēt ב, arameisk bēṯ, 𐡁, syrisk bēṯ ܒ, og arabisk bāʾ b. Lydverdien er ein stemd bilabial plosiv ⟨b⟩ eller stemd labiodental frikativ ⟨v⟩.

Namnet på bokstaven tyder ‘hus’ på ulike semitiske språk (arabisk '*bayt-', akkadisk bītu, bēt, hebraisk bayīṯ, fønikisk bēt osb.; alle opphavleg frå proto-semitisk *bayt-). Han verkar vera avleidd frå ein egyptisk hieroglyf av eit hus ved akrofoni.

Den fønikiske bokstaven danna opphav for mellom anna den greske bokstaven beta (B, β), latinsk B (B, b) og kyrillisk Be (Б, b) og Ve (В, в).

Opphav Namnet bet er avleidd frå det vestsemittiske ordet for ‘hus’ (som i hebraisk bayt בַּיִת), og forma på bokstaven er avleidd frå ein protosinaittisk glyf som kan ha vore basert på den egyptiske hieroglyfen Pr., som viser eit hus. HieroglyfProto-sinaittiskFønikiskPaleo-hebraiskO136x36pkalt=Bet|20x20pk|BetarFil:Early_Aramaic_character_-_Beth.png

Arabisk Den arabiske bokstaven har namnet , (). Ein kan skriva han på ulike måtar alt etter plasseringa hans i ordet:

Hebraisk

Lydverdien til bet på hebraisk er stemd bilabial lukkelyd når han har ein diakritisk prikk, eller dagésj, og bokstaven blir da gjerne transkribert som «bb» eller «b». Ein bét utan dagésj kan uttalast anten som «b», «w» eller «v» avhengig av kultur.

Namn Symbol IPA Transliterasjon Døme Vet v våt Bet b båt

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bet (letter)» frå , den 7. november 2023.

Kategori:Semittisk skrift