Tāne eller Tāne-mahuta er ein skogsgud i mytologien til maoriane på New Zealand. Han er son av urgudane Rangi og Papa.G. Grey, Polynesian Mythology, Illustrated edition, reprinted 1976. (Whitcombe and Tombs: Christchurch), 1956. mini|Skulptur av Tāne. Nest etter dei skapargudane Rangi og Papa er Tāne den viktigaste guden i det maoriske panteonet. Det var på hans råd at han og brørne bestemte seg for å skilja foreldra sine. Ved å pressa urparet frå kvarandre og skilja dei med fire søyler, skapte Tāne det klare skiljet mellom himmel og jord. Tāne blir òg sagt ha hengt stjernene på brystet til faren sin. Deretter skapte han den fyrste kvinna, Hine-Ahuone, av leire og para seg med henne. Ho fekk ei dotter, Hine-Titama, som han også para seg med.
I maoritradisjon påkallar ein vanlegvis Tāne før ein feller tre.
Sjå òg
Hine-Nui-Te-Po Tāne Mahuta Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tāne» frå , den 13. november 2023.
Kategori:Maorimytologi Kategori:Naturgudar