«Duje» (norsk omsetjing ‘elsk dei’) er ein albansk song frå 2022 med Albina & Familja Kelmendi. Songen deltok i den 61. utgåva av den albanske songtevlinga Festivali i Këngës, der sjåarane røysta han fram som det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.

Om songen «Duje» er komponert av Enis Mullaj, mens Erjona Rushiti har skrive teksta. Teksta handlar om familiar som vert brotne frå kvarandre på grunn av ein liten konflikt, og at ein må verna kjærleiken som betyr mest.

«Duje» var eit av 26 bidrag i den 61. utgåva av Festivali i Këngës i desember 2022. I tevlinga blei songen framført av den kosovoalbanske songaren Albina Kelmendi, saman med fem av familiemedlemmane hennar. Songen enda på andreplass i tevlinga, men han vann telefonavrøystinga og blei med det det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

I Eurovision Song Contest deltok «Duje» i den andre semifinalen torsdag 11. mai 2023. Der enda songen på niandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I finalen enda låten på 22. plass med 76 poeng.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Duje» frå , den 5. desember 2023.

Kategori:Albanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Albanskspråklege Eurovision Song Contest-songar