Anosibe Ambohiby er ein landsby sentralt i høglandet av Madagaskar, som ligg i krateret til den utdøydde vulkanen Ambohiby Massif.

Landsbyen tilhøyrer distriktet Tsiroanomandidy, som ligg i Bongolava-regionen.

Geografi Landsbyen Anosibe Ambohiby ligg i midten av Ambohiby-massivet, ein massiv alkalisk ringkompleks over 13 kilometer i diameter, som kan daterast attende til sein krit. Denne vulkanske geologiske formasjonen, som er knytta til skiljet av India og Madagaskar, bidrar til det unike landskapet i regionen. Massivet er karakterisert av eit fruktbart jordsmonn grunna basiske kjemikaliar. Han er omgitt av fire elver som renn i nord, sør, aust og vest, alle del av den alkaline ringstrukturen. Landsbyen er omringa av frodig, grønt planteliv, og er ein del av distriktet Tsiroanomandidy, som ligg i Bongolava-regionen. Han ligg 8 km frå den næraste merkja byen, Antaniditra, og 18 km frå den næraste storbyen, Tsiroanomandidy.

Historie Anosibe Ambohiby vart grunnlagd i 2008 av betsileo-bønder frå Manandriana-distriktet, ca. 380 kilometer sørover. Anosibe er omsett til ‘Stor øy’, oppkalla etter dei fire vasstraumane som omkrinsar landsbyen på alle sider.

Då overfolkinga i heimbyen vorte verre, drog bøndene ut for å finne ei stor mark for å dyrke. Bygda dyrkar kontantavlingar, hovudsakleg sitrusfrukt, som dei sel på marknadene i nærliggjande byar, men transport inn og ut av landsbyen er ei utfordring på grunn av dårlege lokale vegar. I 2023 bestod landsbyen av rundt 50 hus med eit folketal på rundt 300.

Folkesetnad og sjølvstyre Dei rundt 300 innbyggjarane i Anosibe Ambohiby er frå den etniske gruppa betsileo, og drog frå Manadriana-distriktet i sentrale Madagaskar for å slå seg ned i krateret.

Anosibe Ambohiby er ein sjølvstyrande landsby av bønder med eldre og landsbyleiarar. Han ser ut til å vere fråkopla dei malagassiske styresmaktene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anosibe Ambohiby» frå , den 8. desember 2023.

Kategori:Madagassisk geografi