TuralTuranX er ein aserbajdsjansk musikkduo beståande av tvillingbrørne Tural og Turan Bağmanov (fødde 30. oktober 2000). Dei representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Tell Me More».
Bakgrunn Tural og Turan Bağmanov kjem frå Zaqatala i nordvestlege Aserbajdsjan. Brørne såg fyrste gong eit piano på skulen og blei så fascinert av det, at dei øvde og spelte på det i skjul. Sidan kjøpte faren ein brukt synthesizer, og dei lærte seinare å spele gitar. TuralTuranX byrja å opptre på skuleframsyningar og andre lokale arrangement. Då faren døydde, slutta dei med musikk for ein periode.
Tural flytta seinare til hovudstaden Baku og skipa bandet TheRedJungle saman med ein ven. Raskt byrja også Turan å opptre i bandet. Brørne opptredde også som gatemusikantar.
Vinteren 2023 deltok TuralTuranX i den interne uttakinga til kringkastaren İctimai Televiziya for å velje representant og bidrag til Eurovision Song Contest 2023 for Aserbajdsjan. Den 9. mars 2023 kunngjorde kringkastaren at han hadde valt brødreparet til å representere Aserbajdsjan. Dei deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai i Liverpool med «Tell Me More». Songen enda nest sist i semifinalen med 4 poeng og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 13. mai.
Privatliv Tural og Turan Bağmanov hadde to andre brør, Emin og Camal, som begge omkom i ei trafikkulukke i landsbyen Yuxarı Tala i 2015.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «TuralTuranX» frå , den 7. desember 2023.
Kategori:Aserbajdsjanske songarar Kategori:Aserbajdsjanske låtskrivarar Kategori:Aserbajdsjanske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Aserbajdsjanske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar