Theodor-Octavian Andrei (), kjend under artistnamnet Theodor Andrei, er ein rumensk songar. I februar 2023 vann han den rumenske songtevlinga Selecția Națională og representerte Romania i Eurovision Song Contest 2023 med songen «D.G.T. (Off and On)».
Bakgrunn Andrei blei fødd vaks opp i den rumenske hovudstaden București i Romania. Som 13-åring i 2017 vart han kjend då han deltok i Vocea Romaniei Junior, den rumenske utgåva av The Voice Kids. Han nådde semifinalen i den tv-sende tevlinga.
I 2020 deltok Andrei i rumenske X Factor, der han blei slegen ut før direktesendingene. Han har gjeve ut ei rekkje singlar sidan 2017 og slapp debutalbumet Fragil i 2022.
Året etter var Andrei blant deltakarane i Selecția Națională, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest. I finalen laurdag 11. februar 2023 vann han tevlinga med låten «D.G.T. (Off and On)». Som følgje av sigeren fekk han representere Romania i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. I semifinalen enda han på delt sisteplass med null poeng.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Theodor Andrei» frå , den 7. desember 2023.
Kategori:Rumenske songarar Kategori:Rumenske låtskrivarar Kategori:Rumenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Rumenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar Kategori:Folk frå București