Teya og Salena er ein austerriksk musikkduo, beståande av Teodora Špirić og Selina-Maria Edbauer. Duoen representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med songen «Who the Hell Is Edgar?».
Bakgrunn Serbisk-austerrikske Teodora «Teya» Špirić (fødd 2000) frå Wien og Selina-Maria «Salena» Edbauer (fødd 1998) frå Steiermark møtte kvarandre i 2021 då dei deltok i ORF-talentshowet Starmania 21. Under opptaka blei dei to gode venar og innleia eit musikalsk samarbeid som duoen Teya & Salena.
Teodora «Teya» Špirić Špirić vaks opp i Wien og oppdaga musikkinteressen sin som tolvåring. Blant hennar musikalske førebilete er Adele og Amy Winehouse. Ho er sjølvlært songar og har opptredd i fleire musikalar, og har spelt saksofon i eit jazzband. Som 17-åring byrja ho å skrive songar, og hun deltok etter kvart på flere låtskrivarleirar rundt om i Europa – blant anna i Belgia, Sveits og Sverige. I 2020 deltok ho i både den austerrikske og serbiske uttakinga til Eurovision Song Contest, men utan å vinne.
Selina-Maria «Salena» Edbauer Edbauer byrja å synge som sjuåring og lærte seg sidan å spele gitar. Ho opptredde som barn i fleire skolestilstelninger, konfirmasjonar, bryllaup og dåpar, før ho i 2017 deltok i The Voice of Germany. Der nådde ho tredje runde i tevlinga. I 2019 prøvde ho seg i uttakinga til Eurovision Song Contest 2018, men blei ikkje plukka ut av den austerrikske kringkastaren ORF. Ho har sidan jobba for radiokanalen Hitradio Ö3 og har sunge i fleire introar og reklameklipp på kanalen.
Eurovision Song Contest 2023 Den 31. januar 2023 kunngjorde den austerrikske ålmennkringkastaren ORF at dei hadde vald Teya og Salena til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest i Liverpool. Dei var den fyrste kvinnelege duoen som representerte Austerrike i Eurovision Song Contest nokon gong.
Teya og Salena deltok med låten «Who the Hell Is Edgar?» som blei skriven under ein låtskrivarleir i Tsjekkia. Songen blei offentleggjord 8. mars 2023. Duoen enda på 15. plass i finalen.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Teya og Salena» frå , den 8. desember 2023.
Kategori:Austerrikske songarar Kategori:Austerrikske låtskrivarar Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar