Ngoni, også skrive n'goni, er eit tradisjonelt strengeinstrument frå Vest-Afrika som minner om ein lutt. Det består av ein tom kropp av tre som er dekt med skinn frå geit eller okse og har opptil sju strenger. Halsen er rund og manglar gripeband. Ngonin blir spelt med fingrane, anten som ein lutt eller som ein gitar eller banjo, og kroppen blir nytta som tromme. Strengene, som vanlegvis av fiskeline, og er festa ved halsen med lêrreimer. mini|Bassekou Kouyaté og gruppa Ngoni ba speler på ulike ngoniar. Instrumentet finst i ulike storleikar med ulike stemmingar,men alle er stemde etter femtoneskalaen. Ngoni blir spelt i store delar av Vest-Afrika men blir assosiert mest med griotar i Mali og musikkstilen wassoulou.

Nokre musikarar som speler ngoni er Bassekou Kouyaté og Cheick Hamala Diabaté.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ngoni (musikinstrument)» frå , den 20. desember 2023.

Kategori:Strengeinstrument