Tommy Seebach Mortensen () var ein populær dansk musikar, songar, pianist og produsent. Han er kjend som frontfigur i bandet og for sine mange bidrag i Dansk Melodi Grand Prix som han vann tre gongar. Han var far til musikarane og . Han døydde i 2003, og er gravlagd på .

Bakgrunn Som 14-åring starta Seebach sin musikalske karriere med sitt eige band The Colours. Dei neste åra spelte han i ei rekkje ulike band på klaver og keyboard og gjekk under namnet «Boogie-Woogie-Tommy». I 1965 blei han medlem i rockebandet , der han skreiv fleire av hitane til gruppa, blant andre «Monkey's in Wood» frå 1969.Bille, Torben: Tommy Seebach i Den Store Danske på lex.dk. Henta 25. desember 2023. I 1975 innleia han ein solokarierre etter å ha oppnådd stor popularitet i Sir Henry and his Butlers. Han fortsette innan rockemusikken, men gjorde også fleire instrumental- og vokalinnspelingar innan pop. Han blei godt hjelpt fram i radio- og tv-program av kameraten og leverte ei rekkje til radio og tv. Det fyrste soloalbumet hans, Wheels, kom ut i 1975.

I ein periode var Seebach innspillingssjef for EMI i Danmark og medansvarleg for ei rekkje musikkutgjevingar, blant anna med duoen Laban, , M.K.T og The Lollipops, MAGIC, ei lokal popgruppe frå Herlev, i tillegg til Made in Denmark.

Dansk Melodi Grand Prix Tommy Seebach deltok åtte gongar i Dansk Melodi Grand Prix og vann tevlinga tre gongar. Tekstane skreiv han saman med . Utover i 1980-åra fekk han kallenamnet «Kongen av Dansk Melodi Grand Prix» på grunn av dei mange deltakingane sine.

1979 – «» (1. plass) 1980 – «Bye-Bye» (sungen av Lecia & Lucienne, 7. plass) 1981 – «» (i duett med Debbie Cameron, 1. plass) 1982 – «Hip hurra det' min fødselsdag» (2. plass) 1984 – «Pyjamas for to» (4. plass) 1985 – «Det' det jeg altid har sagt» (2. plass) 1987 – «Det' gratis» (4. plass) 1993 – «» (1. plass)

Eurovision Song Contest Den fyrste deltakinga til Seebach i Eurovision Song Contest var i 1979 med songen «». Songen blei ein kjempehit heime i Danmark, men fekk også ein viss suksess i Europa etter tevlinga. Han enda på ein sjetteplass, den beste plasseringa til Danmark sidan sigeren i 1963. To år seinare, i 1981, deltok han igjen med «», som han song med Debbie Cameron. Songen enda på delt ellevteplass. Han deltok siste gong i 1993, med songen «». Denne blei også populær i Danmark, men blei berre nummer 22 av 25. Den svake plasseringa gjorde at Danmark ikkje var kvalifisert til Eurovision Song Contest året etter.

Plasser i Eurovision Song Contest: 1979 – 6 av 19, 76 poeng 1981 – 11 av 20, 41 poeng 1993 – 22 av 25, 9 poeng

Etter Melodi Grand Prix I 1989 fekk Seebach ein stor hit med songen «Du skælder mig hele tiden ud» som han song saman med . Hiten blei følgd opp av to singlar og eit julealbum.

I 1999 fekk han eit comeback med discoversjonen av «Krøller eller ej», som han gav ut saman med eit samlealbum. Han turnerte på danske diskotek, der han nærmast oppnådde kultstatus blant publikummet som kunne hugse songane hans frå barndommen sin. I åra før han døydde, underheldt Seebach i Bakkekroen på , der han jobba som musikalsk sjef.

Privatliv og død miniatyr|Gravsteinen til Seebach på . Tommy Seebach var gift med Karen, og paret fekk borna Nicolai, og Marie. Ekteparet gjekk frå kvarandre rundt tusenårsskiftet, på grunn av det stadig meir omfattande alkoholmisbruket til Seebach, men dei to heldt kontakten fram til han døydde.

Alkoholmisbruket til Seebach starta for alvor i 1980-åra og fortsette i 1990-åra. Misbruket var så ille at Danmarks Radio kvidde seg for å bruke Seebach i tv-sendingar. Blant anna måtte han sende inn songen «» tre år på rad før kringkastaren aksepterte han til Melodi Grand Prix. Årsaka var ikkje songen, men at Danmarks Radio frykta at Seebach ville opptre drukken og «lage skandale».

Måndag 31. mars 2003 kollapsa Seebach på veg opp ein bakke på jobb på Dyrehavsbakken. Han døydde på veg til sjukehuset, 53 år gammal. Fleire år med omfattande alkoholforbruk fekk i stor grad skulda for den tidlege døden hans. Han er gravlagd på .

Ettermæle I fleire år etter at Seebach døydde var det stille i Danmark omkring musikaren, men i 2007 oppstod det ei bølgje som gjorde musikken hans populær igjen. Bølgja starta med at ein gammal musikkvideo frå Shadows-nummeret «Apache», med lettkledde indianarjenter, deriblant unge , oppnådde kultstatus på YouTube.

I 2009 fekk sonen sitt store gjennombrot, blant anna med låten «Natteravn», og dette førte til auka interesse rundt Tommy Seebach. I 2010 blei det laga ein dokumentarfilm, Tommy,Tommy Seebachs liv bliver til film – iBYEN.dk om hans liv. Same år blei det gjeve ut ein biografi og ein samle-CD med alle dei originale verka til Seebach i tillegg til ei rekkje ikkje tidlegare utgjevne songar. I 2017 blei det oppført ein musikal om Tommy og Rasmus under namnet Seebach på Fredericia teater. Musikalen inneheldt musikk frå både far og son Seebach og blei så populær at teateret måtte setje opp fleire framsyningar. Musikalen blei seinare sett opp i Aarhus, der han blei den mest sette musikalen i byen gjennom tidene.

Trivia Seebach og duoen Hot Eyes er dei eineste artistane som har vunne Dansk Melodi Grand Prix tre gongar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tommy Seebach» frå , den 23. desember 2023.

Kategori:Danske musikarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest 1978-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1981-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1993-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1979-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 1981-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 1993-låtskrivarar