Xavier Barachet () er ein fransk tidlegare handballspelar. Han er trefaldig verdsmeister, olympisk meister og europameister med Frankrike sitt sigerrike landslag. Barachet var høgre rykkromspelar.

Karriere Landslagsspel Barachet fekk sin fyrste av 84 landskampar i 2009. Dei neste åra var han med på triumf etter triumf med franske landslaget. Etter finalesiger i Handball-VM 2009 fylgde laget opp med å vinne europameisterskapen 2010, verdsmeisterskapen 2011 og Sommar-OL 2012. Etter eit par års medalje-turke, vann han i si siste internasjonale turnering, Handball-VM 2015, enno ein gullmedalje. Han skåra 162 mål for Frankrike.

Klubbspel Barachet spelte på det franske topplaget Chambéry frå 2006 til 2012. 2012/13-sesongen var han aktiv for det spanske toppserielaget Atlético Madrid, som han vann cupen med. Etter at Atlético Madrid gjekk konkurs sommaren 2013, var han den neste sesongen Saint-Raphaël-spelar. Deretter gjorde han frå 2014 teneste i Paris Saint-Germain. Ein alvorleg skade og deretter lite speletid førte til at han i januar 2017 flytta tilbake til Saint-Raphaël. Barachet la opp i 2022.

Merittar OL-gull: 2012 med Frankrike VM gull: 2009, 2011, 2015 med Frankrike EM-gull: 2010 med Frankrike Fransk seriemeister: 2015, 2016, 2017 for PSG Fransk cupmeister: 2015 for PSG Spansk cupmeister: 2013 for Atlético Madrid

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Xavier Barachet» frå , den 12. januar 2024.

Kategori:Franske handballspelarar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Folk frå Nice Kategori:Atlético Madrid-spelarar