Krustjønnaks (Potamogeton crispus) er ei plante i tjønnaksslekta i tjønnaksfamilien. Arten er kjend frå Europa, Asia og Afrika.
I Noreg er arten heimleg i næringsrikt ferskvatn. Han veks sør på Austlandet og meir spreidd nær kysten til Møre. Arten kan vere innvandra i nyare tid og ser ut til å spreie seg noko. I Raudlista 2021 er arten rekna som nær truga (NT).
Hybriden med hjartetjønnaks (P. crispus × P. perfoliatus eller P. ×cooperi) er registrert frå Klepp på Jæren.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tjønnaksslekta