Anna Falkenberg () er ein færøysk politikar som representerer Sambandsflokkurin. Ho har vore medlem av det danske Folketinget for Færøyane sidan folketingsvalet 1. november 2022.

Falkenberg er den andre færøyske kvinna, etter Lisbeth L. Petersen, som er blitt vald inn i det danske parlamentet. Ho er også blant dei yngste folketingsmedlemmane frå Færøyane; Edward Mitens og Enok Bærentsen var også i midten av 20-åra då dei blei valde inn.

Falkenberg vaks opp i Hoyvík. Ho gjekk Føroya Studentaskúli og har ein kandidatgrad i statsvitskap (cand.scient.pol.) frå Københavns Universitet frå 2022. Ho arbeida på Christiansborg som politisk rådgjevar for morfaren, folketingsmedlem Edmund Joensen, frå 2019 til ho sjølv blei vald inn i 2022.

Falkenberg har vore formann i Unga Sambandið og visepresident i Ungdommens nordiske råd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anna Falkenberg» frå , den 2. mars 2024.

Kategori:Færøyske politikarar Kategori:Folketingsmedlemmar for Færøyane Kategori:Elevar ved Københavns Universitet Kategori:Folk frå Tórshavn