Maxi Gnauck () er ein tysk tidlegare turnar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland. Ho vart europameister 1981 i mangekamp og sikra seg elles fem VM-gull, fire EM-gull og eitt OL-gull i ulike øvingar i åra frå 1979 til 1985.
Karriere Gnauck fekk sin internasjonale meisterskapsdebut ved EM 1979 i København, der ho tok sølv i hopp og bronse i skranke. I Turn-VM 1979 vann ho gullmedaljen i skranke-øvinga, kom på sølvplass i mangekampen og fekk bronse i lagtevlinga. Under Sommar-OL 1980 i Moskva enda ho opp med same medaljehausten i dei same tre tevlingane, i tillegg vann ho bronse i frittståande. Våren 1981 sopa Gnauck med seg fire gullmedaljar då europameisterskapen fann stad i Madrid, berre i hopp-øvinga måtte ho nøye seg med ein sølvmedalje. I Turn-VM 1981 tok ho gull i skranke, bom og hopp. Sidan vart ho verdsmeister i skranke i 1983 og europameister i skranke i 1985.
Gnauck sanka i alt 22 medaljar i ulike europameisterskap, verdsmeisterskap og Sommar-OL 1980. Etter som Aust-Tyskland boikotta dei olympiske sommarleikane 1984 deltok ho ikkje i Los Angeles.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maxi Gnauck» frå , den 6. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Europameistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1980 Kategori:Folk frå Berlin