Gena Turgel (fødd Goldfinger; ) var ein polskfødd britisk forfattar og holocaustoverlevande. Ho overlevde Auschwitz og gifta seg med ein av soldatane som frigjorde Bergen-Belsen.
Bakgrunn Gena Turgel var yngst av ni sysken i ein velståande jødisk familie i Kraków. Foreldra Samuel og Estera Goldfinger dreiv eit tekstilfirma. Faren døydde då ho var barn og mora tok over drifta av firmaet.
Den andre verdskrigen Under den tyske okkupasjonen blei familien Goldfinger i 1941, saman med andre jødar, stua saman i gettoen i Kraków. Firma, bustad og andre eigendelar blei beslaglagde. Dei ble deretter ført til Płaszów konsentrasjonsleir, før dei i 1944 blei sende til fots til Auschwitz. Ho fortalde seinare at ho blei send inn i eit slags dusjrom saman med fleire hundre andre utan at noko skjedde: Ho kom seinare til at det var eit gasskammer og at ein teknisk svikt redda livet hennar. miniatyr|venstre|upright=0.6|Gena Turgel hugsa godt dei siste dagane til Anne Frank, som var sjuk av tyfus (foto 1942). Systera Hela døydde med store smerter då Josef Mengele utførte eit medisinsk eksperiment på ho i Auschwitz.Perry, G. W. (2018). The Legacy of Anne Frank. Grub Street Publishers.
Då Auscwitz blei tømd i januar 1945, blei Gena og mora (dei siste overlevande i familien) sende på fire vekers dødsmarsj til Buchenwald og vidare til Bergen-Belsen. I Bergen-Belsen arbeidde ho på sjukestova og hjelpte til med å pleie Anne Frank, som var dødssjuk av tyfus. Leiren blei frigjord av britiske styrkar 15. april 1945, og blant soldatane var Norman Turgel. Ho har skildra synet av Bergen-Belsen som haugar av lik overalt, det var ikkje mogleg å avgjere om det berre var skjelett eller om det var kvinner eller om det var menn.Larsson, M. (2021). Jag vill inte ha levt förgäves: Anne Frank 1929–1945. Svenska Historiska Media Förlag.
Norman Turgel var del av ei etterretningseining med oppdrag å arrestere SS-kommandantar, blant anna var han med på arrestasjonen av leirkommandant Josef Kramer. Tre dagar etter at dei møtte kvarandre på sjukehuset i Bergen-Belsen blei dei, til overrasking for Gena, trulova, dei hadde knapt nok innleia eit forhold.Trow, M. J., & Denham, R. (2022). The Ultimate World War Two Trivia Book: Unbelievable Facts, Extraordinary Accounts and Tall Tales from the Second World War. BLKDOG Publishing. Ho var avmagra og svært medteken. Gena Goldfinger og Norman Turgel gifta seg i ein synagoge i Lübeck 7. oktober 1945, til stor glede for dei overlevande jødane i forsamlinga.
miniatyr|upright=0.8|Rabbinaren Leslie Hardman og den irske jesuittpresten Michael Morrison ved ei massegravlegging i Bergen-Belsen, 25. april 1945.
Historia om Gena og Norman Turgel ble eit populært gladnyhende i den vanskelege tida. Britiske aviser kalla Gena for Bride of Belsen. Då ho og Norman kom frå Tyskland til London blei dei møtte av journalistar. Gena Turgel sydde brudekjolen av fallskjermstoff, og han er stilt ut i Imperial War Museums. Den jødiske militærkapellanen (seinare rabbinaren) Leslie Hardman stod for vigsla. Hardman var med då britiske styrkar frigjorde Bergen-Belsen og stod for gravferdsseremonien av rundt daude i leiren.
Seinare virke Gena Turgel var den einaste av ni sysken som overlevde holocaust. Mora overlevde. Ekteparet Turgel slo seg ned i Storbritannia, og ho brukte etterkvart mykje av tida si på å formidle historia om holocaust. Memoarane hennar, I Light a Candle, kom ut i 1987. I 2000 utnemnde dronning Elizabeth ho til medlem av Order of the British Empire (MBE) for arbeidet med å lære nye generasjonar om holocaust.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gena Turgel» frå , den 5. mars 2024.
Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Order of the British Empire Kategori:Holocaust-overlevande Kategori:Overlevande frå Auschwitz Kategori:Bergen-Belsen Kategori:Folk frå Krakow