Lepidophthalmus turneranus (tidlegare Callianassa turnerana, engelsk Cameroon ghost shrimp) er ein krepsdyrart som lever ved kysten av Vest-Afrika. Han dannar av og til tette svermar, og ein av desse gav namn til landet Kamerun (portugisisk Camarões, ‘reker’). Dette er truleg det einaste krepsdyret som har gjeve namn til eit land.

Utbreiing Lepidophthalmus turneranus finst i lagunar og estuar, inkludert i nesten ferskt vatn, rundt Guineabukta frå Togo til Kongo.

Skildring Vaksne dyr blir 5,5-14,5 centimeter lange. Rostrumet endar i tre eller fem tenner, ein eigenskap dei deler med arten L. grandidieri frå Madagaskar. Ungdyr kan mangla tenner. Dei har kjønnsdimorfisme i form av cheliped (klo-berande lemmar): hoene har ei djup halvmåneforma senking nær grunnlaget av innsida av den faste fingeren til kloa, medan hannar manglar denne senkinga.

Lepidophthalmus turneranus lever i holer i mudderet. Kvart tredje til femte år dannar dei enorme svermar i estuar, og parar seg utanfor hola. Ved slike svermar har det vore vanleg å fiska dei, sidan dei er rekna som svært god mat.

Taksonomisk historie høgre|mini|Illustrasjonen som følgde med White si skildring av arten Arten blei fyrst skildra av Adam White i 1861, under namnet Callianassa turnerana. Denne skildringa var basert på eit eksemplar som kaptenen til eit afrikansk handelsskip gav til James Aspinall Turner, som i sin tur presenterte det til zoologiavdelinga ved British Museum (no del av Natural History Museum). I 1999 blei arten overført til slekta Lepidophthalmus av K. Sakai.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lepidophthalmus turneranus» frå , den 9. mars 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Krepsdyr Kategori:Dyr i Atlanterhavet