Svalestarefamilien (Artamidae) er ein familie av sporvefuglar som finst frå det indiske subkontinentet i vest, over Søraust-Asia og Australia austover til Fiji. Familien omfattar 24 nolevande artar fordelte på seks slekter og tre underfamiliar: svalestarar, peltopsar og slaktarfuglar. Nokre artar i denne familien er kjende for variert og høglydt vokalisering. Føda varierer frå nektar blant svalestarar til predasjon på småfuglar blant slaktarfuglar.
Skildring mini|høgre|Kvitbuksvalestare (Artamus leucorynchus), nær Cairns, North Queensland, Australia mini|høgre|Kvitbrynsvalestare (Artamus superciliosus), Samsonvale Cemetery, SE Queensland, Australia mini|høgre|Låglandspeltops (Peltops blainvillii), Madang, Papua New Guinea mini|høgre|Svartslaktarfugl (Melloria quoyi)
Svalestarefamilien er morfologisk variert, med stor skilnad i kroppsstorleik og kroppsform. Den minste dvergsvalestare (Artamus minor), blir rundt 12 cm lang og veg om lag 13-20 gram. Den største arten er sotkurrawong (Strepera versicolor), som kan bli opptil 57 cm lang og vege opptil 500 g. Begge lever på det australske kontinentet.
Nebba er sterke og robuste, dei fleste har blygrått nebb, ofte omtala som eit generalistnebb. Tasmankurrawong (Strepera fuliginosa) og slaktarfuglar i Cracticus har ein skarp krok i nebbtuppen eigna til å gripe og avlive insekt, øgler og små pattedyr.
Nokre svalestarar har spesielle pulverfjør der spissen av fjørstråa smuldrar opp til fint keratinpulver som spreier seg i fjørdrakta under stell.
Fjørdrakta hjå svalestarar er vanlegvis relativt dempa i fargane, ofte ein kombinasjon av grått, brunt, svart og kvitt. Berre maskesvalestare og kvitbrynsvalestare syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, hannar som meir kontrastfulle enn hoer. Ungfuglar er oftast markant meir matte i fargane.
I underfamilien av slaktarfuglar er fjørdrakta i regelen svartkvit, men nokre med grått. Kurrawongar er skildra som kråkeliknande, den store sotkurrawong (Strepera versicolor) som ramneliknande.
Vokalisering Generelt kan medlemmane av denne familien produsere avansert song. Blant svalestarar har fjellsvalestare (Artamus maximus) eit «skravlande læte» i grupper, medan songen er sjeldan. «Fuglen song frå ein plass i krona av eit høgt tre, .... eit langvarig, mjukt virvar av tonar, inkludert imitasjonar av andre fuglar, og liknande songane til spottefuglar frå den nye verda (Mimidae); songelementa inkluderer skrik, kvitring og korte triller, kvar tatt opp att opptil fem gonger.»del Hoyo, s. 294
Plystreskjor, slaktarfuglar og kurrawongar har eit vidt utval av læte. Alle desse artane har skarpe varselrop og ei rekkje andre rop, kvitrande song og lange melodiøse songar. Songen hjå gråryggslaktarfugl (Cracticus torquatus), svartslaktarfugl (Melloria quoyi) og plystreskjor (Gymnorhina tibicen) er særleg kjend.del Hoyo, s. 322 Kurrawongar har eit høgt ringande rop, namnet 'kurra-wong' kan vere lydhermande.del Hoyo, s. 323
Utbreiing og habitat
Artane i denne gruppa er utbreidde frå det indiske subkontinentet der oskesvalestare (Artamus fuscus) lever, til Australasia, aust til Fiji, men med fråvære frå New Zealand. Dei fleste artane har delar av eller heile utbreiinga si over Australia. Nokre artar er standfuglar og held seg nær beite og busetnad, medan andre er trekkfuglar eller til og med nomadiske, som maskesvalestare (Artamus personatus), som flyttar etter endringar i nedbør eller temperatur.
Artamidae-medlemmar lever i ei rekkje ulike habitat. Mange er økologiske generalistar og finst i alt frå regnskog og skoglandskap til kystkratt, elveløp, jordbruksområde, open skog og papirbarkskog. Nokre artar er godt tilpassa urbane område, der dei må leve i fragmenterte restar av naturleg vegetasjon.
Åtferd
Sosial åtferd varierer mykje: svartslaktarfugl lever som regel åleine eller i par, medan kvitbuksvalestare (Artamus leucorynchus) lever i flokkar eller lause koloniar. Særleg svalestarar er kjende for å klumpe seg saman både dag og natt. Dette er skildra i litteraturen sidan dei første ornitologiske observasjonane i Australia. Klumpeåtferda truleg har to funksjonar: å halde på kroppsvarmen og fungere som sosial kamuflasje.
Ei anna uvanleg åtferd er at plystreskjor stundom stupflyg mot menneske. Årsaka er lite forstått, men studiar tyder på at åtferda kan vere sterkt påverka av hormon, til dømes stresshormonet kortikosteron.
Alle i familien er i varierande grad altetande. Slaktarfuglar (Cracticus) et hovudsakleg kjøt og anna animalsk føde; plystreskjorer er bakkelevande og observerast ofte beitande på grasmark etter meitemark og smådyr; kurrawongar (Strepera) er typiske altetarar som tar frukt, korn, kjøt, insekt, egg og fugleungar; medan svalestarar (Artamus) tar insekt og nektar.del Hoyo, s. 295 Dei fleste er opportunistiske og nyttar tilgjengeleg føde, til dømes bløming av treslag som Grevillea robusta, misteltein (Amyema miquelii) og grastre (Xanthorrhoea-artar). Større medlemmar som sotkurrawong tar òg små amfibiar, øgler som skinkar, er reirpredatorar og tar ungfuglar av mindre artar som prydhonningetar (Acanthorhynchus tenuirostris) eller den introduserte gråsporven (Passer domesticus).
Mange medlemmar i svalestarefamilien viser også vertikal nisjedeling i fødesøk (t.d. i topp-, mellom- og botnvegetasjon). Svalestarar nyttar oftast trekronene, medan plystreskjor og kurrawongar søkjer føda på bakken eller stupflyg frå mellomvegetasjonen.
Status og trugsmål Birdlife International har klassifisert 23 av dei 24 artane i denne familien som livskraftige. Berre øyarten tagulaslaktarfugl (Cracticus louisiadensis) er rekna som nær truga.
Habitatøyding
Generelt er den største trusselen mot fuglar i svalestarefamilien habitatøydelegging og -fragmentering gjennom rydding, brannar og anna naturtap, spesielt på øyar i Indonesia og på stillehavsøyar. Dette reduserer vegetasjonskorridorane som artane er avhengige av for å finne mat, og å gjere hekking og rørsler. Mange habitat blir for små eller avbrotne av vegar, noko som reduserer populasjonsstorleikar og kan føre til lokal utrydding. Mangel på habitat tvingar somme artar inn i urbane miljø, der dei er utsette for nye farar som trafikk. Påkøyrslar er ein viktig dødsårsak for mange artar, særleg opportunistiske artar som svalestarar. Svalestarar (slekt Artamus) i Australia beitar i stor grad insekt i lufta og er ikkje sårbare for tap av vegetasjon i same grad som bakkelevande eller nær bakkelevande artar av slaktarfuglar. Skogrydding i Australia kan ha hatt positiv effekt for populasjonar av svalestarar. Slaktarfuglar i Australia er negativt påverka av introduserte predatorar og beitedyr.del Hoyo, s. 303, s. 335
Galleri
Artsoversyn Medlemmar av Artamidae i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Svalestarefamilien (Artamidae) Underfamilie svalestarar (Artaminae) Slekt Artamus, elleve artar svalestarar Underfamilie peltopsar (Peltopsinae) Slekt Peltops, to artar: låglandspeltops (Peltops blainvillii) og fjellpeltops (Peltops montanus) Underfamilie slaktarfuglar (Cracticinae) Slekt Strepera, tre artar kurrawongar Slekt Melloria, ein art: svartslaktarfugl (Melloria quoyi) Slekt Gymnorhina, ein art: plystreskjor (Gymnorhina tibicen) Slekt Cracticus, seks artar slaktarfuglar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Artamidae» frå , den 25. januar 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fuglar i den australske regionen Kategori:Fuglar i den orientalske regionen