Belinda Ekornås () er ein norsk psykolog som arbeider med militærpsykologi og forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ho er seniorforskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).

Utdanning og karriere Ekornås blei cand.psychol. ved Universitetet i Bergen i 2000 og skreiv hovudoppgåve om Trening av militære team i en navigasjonssimulator. Ho er godkjend som psykologspesialist og har doktorgrad i psykologi frå Universitetet i Bergen (2013).Disputas – Belinda Ekornås, Det psykologiske fakultet, UiB Ho mottok Inspirasjonsprisen for 2013 frå Norsk Psykologforening.Inspirasjonsprisen 2013: Belinda Ekornås , Norsk Psykologforening

Ekornås har arbeidd med stress i militære team sidan ho var ferdigutdanna psykolog, og har vore tilknytta eit militærpsykologisk forskingsprosjekt ved Sjøkrigsskulen. Sidan 2020 har ho arbeidd med forskingsprosjektet Veteraners familier: Psykisk helse og hverdagsliv etter utenlandsoperasjoner ved NKVTS.Skal forske på veteranfamiliene i banebrytende prosjekt, Forsvarets forumBelinda Ekornås

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Belinda Ekornås» frå , den 20. mars 2024.

Kategori:Norske psykologar Kategori:Norske forskarar Kategori:Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress