«I Wanna» (‘eg vil’), opphavleg kalt «I Wonna», er ein latvisk latino-inspirert popsong som vann Eurovision Song Contest 2002 for Latvia. Songen blei framført av under artistnamnet Marie N. Ho hadde laga låten saman med Marats Samauskis. Dette var den fyrste sigeren til Latvia i Eurovision Song Contest, men songen floppa kommersielt etter sigeren. Songen tok seg ikkje inn på nokon av hitlistene i Vest-Europa og er ein av dei minst suksessfulle vinnarlåtane gjennom Eurovision-historia.
Eurovision Song Contest «I Wanna» deltok i den latviske finalen i Ventspils 2. mars 2002, då med tittelen «I Wonna». I telefonavrøystinga vann songen ein klår siger med røyster og blei det latviske bidraget til Eurovision Song Contest i Tallinn laurdag 25. mai same år.
I den internasjonale finalen hadde songen skifta tittel til «I Wanna», og Marija Naumova kalla seg no «Marie N». Songen var det 23. og nest siste bidraget ut på scena i Tallinn, og songen skilde seg ut på grunn av framføringa. Marie N starta songen iført ein kvit dress og ein hatt som ein av dansarane fjerna. Undervegs i songen kledde dansarane av ho plagg og for plagg, og under hadde ho ein kort, raud kjole. På slutten av songen drog dansarane i kjolen slik at kjolen gjekk heile vegen ned til føtene.
Det friske dansenummeret gjorde truleg at sjåarane hugsa songen, og i avrøystinga kjempa Latvia ein tett kamp om sigeren med Malta. Ikkje før Litauen røysta som siste land, blei det klårt at «I Wanna» vann tevlinga med – føre Malta. Latvia fekk 12 poeng frå fem land, men forholdsvis låge poeng frå Norden: Sverige gav 5 poeng, Finland 6 poeng og Danmark 7 poeng. Noreg deltok ikkje i Eurovision Song Contest dette året på grunn av sisteplassen året før.
Dette var fyrste gongen Latvia vann Eurovision Song Contest.
Etter Eurovision I likskap med «Everybody», som vann Eurovision Song Contest året før, var «I Wanna» ein uventa vinnar som blei fort gløymd etter tevlinga. Faktisk dukka han ikkje opp på nokre av singellistene i Vest-Europa. Berre i belgiske Flandern dukka han opp på singellisten – men utanfor den offisielle Ultratop 50. I staden dukka han opp som på utfordrarlista Ultratip, altså songar som ligg rett under den offisielle topp 50-lista.
Men Marie N fekk ein relativt suksessrik karriere i Latvia, og året etter var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Riga, saman med .
Listeplasseringar Liste (2002) Høgasteplassering Vekerpå lista Debutdato Flandern (Ultratip)65*220. juli 2002
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I Wanna (sang)» frå , den 8. april 2024.
Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Latviske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2002-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar