Mihhail Kõlvart () er ein estisk politikar, som er leiar for Det estiske senterpartiet. Han var borgarmeister i Tallinn frå 2019 til 2024.
Liv og virke Kõlvart har estisk far og koreansk mor, og foreldra møtte kvarandre i sovjettida, då dei studerte ved Statsuniversitetet i Moskva. Han blei fødd i , der familien til mora, saman med andre koreanske flyktningar i Russisk fjerne austen, hadde blitt deporterte. Då han var tre år gammal, flytta familien til Tallinn. Dei hadde russisk som heimespråk, og han er russisk-ortodoks kristen.
Kõlvart har, som sin far, vore aktiv som utøvar, trenar og forbundsleiar innan taekwondo i Estland.
Kõlvart er utdanna jurist med spesialisering i forretningsjus. Han har vore advokat og høgskulelektor.
Kõlvart begynte som bydelspolitikar i den russiskdominerte i Tallinn for , men gjekk i 2008 over til Det estiske senterpartiet. Han blei formann i byrådet i Tallinn i 2017 og borgarmeister i 2019. Han har også vore medlem av Riigikogu i flere periodar. I 2024 blei han felt som borgarmeister ved et mistillitsvotum, som følgje av ei korrupsjonssak.
Kõlvart blir rekna til den russiskvennlege delen av Det estiske senterpartiet. I 2023 vann Kõlvart partileiarvalet mot , som var støtta av avtroppande partileiar . Det førte til at mange av medlemmane av partiet i Riigikogu melde seg ut.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mihhail Kõlvart» frå , den 16. april 2024.
Kategori:Estiske politikarar Kategori:Borgarmeistrar i Tallinn Kategori:Folk frå Tallinn Kategori:Folk frå Kyzylorda