Reidar Peder Johansen () er ein norsk lærar og politikar frå Akkarfjord og Hammerfest som representerte Sosialistisk Venstreparti og Finnmark på det norske Stortinget i tida 1989-97.
Johansen er utdanna ved Nordland distriktshøgskole i Bodø og lærarskulen i Alta. Han var lærar i heimbyen Hammerfest frå 1977 til han vart til stortingsrepresentant i 1989. 1983-87 var han med i Sørøysund kommunestyre. Hausten 1987 vart han vald til medlem av bystyret i Hammerfest og til fylkestinget i Finnmark. I begge desse styringsorgana fekk han framskotne roller.
Hausten 1989 vart Johansen vald inn på stortinget, som den andre SV-politikaren frå Finnmark og den fyrste sidan tingbolken 1973-77. Attvald i 1993. Johansen var dei fire fyrste åra medlem i Næringskomiteen, i den andre perioden medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.
Etter åra på Stortinget var Johansen aktiv i politikken i Hammerfest og Finnmark.
Kjelder
stortinget.no Stortinget i navn og tall: høsten 1993 - våren 1997.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Hammerfest