mini|Myntete Myntete er ein urtete laga ved å la mynteblad trekka i varmt vatn, eller ein te som er smaksett med mynte.
I Korea er tradisjonell myntete kjend som bakha-cha (), og blir laga med blad frå den lokale ville mynteplanten, Mentha canadensis.
I India blir tradisjonell myntete kalla pudina chai (पुदीना चाय), og blir laga ved å la blad av grønmynte eller peparmynte i varm chai.
I Nord-Afrika er myntete ein utbreidd drikk laga av grøn te i pulverform, grønmynte og sukker. Ein kan også nytta andre urte, blomar og appelsinblomevatn. På norsk kan ein kalla denne teen marokkansk myntete. I Mauritania, Marokko og Algerie kallar ein teen tay, atay eller lātāy, og i Tunisia et-tey. Desse namna skil seg frå det typiske arabiske ordet for te, (). Ordet ʾit-tāī kjem truleg frå nederlandsk .
Det høge innhaldet av eteriske oljer i blada (1–2,5 %), særleg menthol, gjer myntete populær som ein helsebringande drikk. Han har ein avslappande effekt på musklar og fordøyingssystemet, og er lenge blitt brukt mot gastroenterologiske lidingar.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mint herbal tea» frå , og «Maghrebi mint tea» frå den 29. april 2024.
Kategori:Urtete Kategori:Koreansk mat Kategori:Mynteslekta