Fredrik Rysjedal () er ein norsk teikneserieskapar, illustratør og teiknekunstnar. Han er ein del av den norske alternative teikneseriescena og har sidan 2010 laga teikneseriefanziner og jobba med sjølvpublisering. Han har også eksperimentert med digitale teiknseriar, både publikasjoner og sceniske framsyningar av digitale teikneseriar. Rysjedal lagar dokumentariske teikneseriar, satire og teikneseriar frå born.

I 2019 fekk han ein ph.d-grad for stipendiatprosjektet Frozen Moments in Motion på Fakultetet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Dette var eit kunstnarisk utviklingsprosjekt der Rysjedal utforska digitale teikneseriar og aspekta rundt å nytte rørsle, film og animasjon i teikneseriar.

Arbeid Rysjedal debuterte med stripeserien Cand-Mag, som gjekk som stripeserie i studentavisa Hugin (Høyskolen i Stavanger) frå 2001–2003 og på TV2 Interaktiv. Fanzinepraksisen starta i med fanzina Fjes (2010) og teikneseriefanzina Dusj (2011) og har sidan skapt og publisert 11 teikneseriefanziner. Som følgje av dette arbeidet har Rysjedal også vore med å skape ei rekke kulturarrangement i Bergen for å løfte fram fanzine- og kunstnerbokkulturen. Arrangement som: Norsk Fanzinekongress (2010), Norsk Fanzinekongress 2 (2011), Fanzinekveld (2011–2023) og Bergen Art Book Fair (2013–2024). Han har vore med å starte sjølvpubliseringsverkstaden Pamflett i Bergen som også er arrangør av Bergen Art Book Fair.

5. juni 2014 hadde Rysjedal urpremiere på si fyrste orginale teikneserieframsyning, Lyden av Aurora (2014) i Bergen. Ei teikneserieframsyning samsvarar med det engelske begrepet comic performance og er ei scenisk framføring av ein teikneserie. Bileta er presentert som lysbileter med og utan animasjon og er gjerne akkompagnert med musikk. Premieren av Lyden av Aurora var akkompagnert av samtidsmusikkgruppa 1982 (Øyvind Skarbø, Sigbjørn Apeland og Nils Økland). Lyden av Aurora handlar om tretten år gamle Astrid som i etterkrigsåra opplever at små gnissingar mellom foreldra har røter til traumatiske opplevingar dei hadde under krigen. Teikneserien omhandlar krigseglarane og visualiserer blandt anna senkinga av M/S Berganger i 1942. I 2017 sjølvpubliserte Rysjedal sin andre digitale teikneserie Nær, nærare, nærast. Ein interaktiv teikneserie laga for iPad, fyrste av sitt sag i Norge. Dette er ein sjølvbiografisk teikneserie som handlar om familierelasjonar og familiehistorie. Teikneserien eksperimenterer med overlappande teikneserieruter og animasjon og er tonesett av komponisten Stephan Meidell og programmert av Hans Philip Eide. Nær, nærare, nærast fekk gull i kategorien bok på Visuelt 2018. I 2024 gav Rysjedal ut sitt fyrste teikneseriealbum, Krampe. Teikneserien handlar om bading og angsten for å få krampe er sjølvbiografisk. Fyrste fysiske utgåve er trykka i eit begrensa opplag på 100 eks og er laga med stensiltrykk (Risograf). Krampe er også publisert som e-bok (Ebok.no).

Teikneserie-bibliografi

2001 Cand-Mag, stripeserie publisert på TV2 Interaktiv og studentavisa Hugin. 2011 Dusj, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2011 ARB EIDS FLYT, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2011 Resirkuler, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2012 When We Met Lucy Knicley, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. (Laga saman med Eirik Andreas Vik) 2013 Smuss, teikneserieantologi, Cappelen Damm (Bidrag:Det er jo dette som er deilig) 2014 Lyden av Aurora, teikneserieframsyning. 2015 Ovis Ariesaurus Rex, nett-teikneserie med gif-animasjon. 2016 Kva skal eg verte når eg vert stor?, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2016 Stopp kunsten, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2017 3mm Bleed, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2017 Nær, nærare, nærast, interaktiv teikneserie, sjølvpublisert for iPad. 2018 Stiftemaskin med lang arm, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2018 3mm utfallande, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2019 Elsewhere, kinakål forlag (Laga saman med kinesiske Anusman) 2019 Sukk, netteikneserie, publisert på Norsk Barnebokinstitutt sine nettsider. 2020 Myse og kvernsteinsbruddet, teikneseriar for 14 museumsinstallasjonar på kulturløype i Kvernsteinsparken i Hyllestad kommune. 2020 Antilogo, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2021 Plastikkbarna, nett-teikneserie, sjlvpublisert 2022 Laksefiske i Lærdal, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. 2024 Krampe, teikneseriealbum, sjølvpublisert.

Prisar og utmerkingar 2018 Gull i kategori bok for teikneserien Nær, nærare, nærast, Visuelt-prisen, Grafill

Kjelder

Bakgrunnsstoff https://www.fredrikrysjedal.no https://www.plastikkbarna.no

Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske teikneserieskaparar