mini|Adoumafolk i kano kring 1900.
Adoumafolk eller dumafolk er ei etnisk gruppe i Gabon i Sentral-Afrika. Dei bur hovudsakleg på den sørlege breidda av den øvre Ogooué-elva, i nærleiken av Lastoursville (som opphavleg var ein adoumalandsby), og er kjende som dyktige kanoførarar eller båtfolk. Dei snakkar duma, eit nzebi-språk i bantufamilien.
Ifølgje overleveringane deira kom folket frå aust eller søraust, ned Sebe-elva til Ogooué, og deretter til Doumé-stryka. Dei laga kanoar av okoumetre og sele slavar til okandéfolk, i bytte mot europeiske produkt som skytevåpen og tekstilar. Société du Haut-Ogooué (SHO) skipa ein post ved Lastoursville og handla meda doumafolk i gummi, elfenbein og ibenholt.
På 1970- og 1980-talet flytta mange adouma nedover Ogooué, i retning mot byen Port-Gentil.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Duma people» frå , den 13. mai 2024. oppgav desse kjeldene: David E. Gardinier, Historical Dictionary of Gabon, 2. utg. (The Scarecrow Press, 1994) s. 34-35.
Kategori:Folkegrupper i Gabon