Port-Gentil er ein by i vestre delen av Gabon. Han er departementhovudstad i Bendje og provinshovudstad i Ogooué-Maritime. Port-Gentil er den vestlegaste byen i Gabon. Han ligg ved Atlanterhavet, og er den viktigaste hamnebyen i landet og eit viktig industrisenter. Ved folketeljinga i 2013 hadde byen 136 462 innbyggjarar, og var dermed den nest største byen i Gabon.Folketelling 2013 Folketalet i 2022 blei anslått til 200 000.
Byen blei kalla opp etter den franske kommandanten Émile Gentil i 1900. Etter den fyrste verdskrigen starta byen ein storstilt tømmereksport. Det blei bygd eit oljeraffineri her på 1960-talet, og sidan det er oppdaga olje utanfor kysten er også utskiping av olje ein viktig næringsveg.
Port-Gentil er kjent for strendene sine, fleire hotell og for Saint Louis-kyrkja. Teknisk sett ligg byen på ei øy, Lopez ved munningen til elva Ogooué. Byen har ein eigen flyplass som knyter han både til hovudstaden Libreville og resten av verda.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Port-Gentil» frå , den 13. mai 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Gabon Kategori:8°E Kategori:0°S Kategori:Ogooué-Maritime