Ilmari Salminen () var ein finsk langdistanseløpar frå Elimäki. Han vart olympisk mester 1936 på 10 000 meter og europameister 1934 på 5 000 m og 1938 på 10 000 m.
Aktiv Salminen deltok i Sommar-OL 1928 og Sommar-OL 1932 utan å utmerke seg. Han fekk sitt store internasjonale gjennombrot då han vann milløpet og tok bronsemedaljen på 5 000- meteren ved EM i friidrett 1934 i Torino.
På den fyrste dagen av dei olympiske sommarleikane i Berlin i 1936 spurta Salminen inn til siger på 10 000 meter på tida 30.15,4. Han slo landsmannen Arvo Askola med 0,2 sekund. Volmari Iso-Hollo sikra finsk storeslem med sin tredjeplass. Dette var Finlands femte og siste trippeltriumf i friidrett i olympiske sommarleikar. Fem dagar seinare enda Salminen som nummer seks på 5 000 meter etter å ha falle 750 meter frå mållinja.
I 1937 sette han verdsrekord på 10 000 meter ved å springe på 30.05,5 i Kouvola.Arbeiderbladet 19. juli 1937 Året etter avslutta han internasjonalt ved å vinne 10 000 meter under EM i friidrett 1938 i Paris.
Salminen vart finsk meister 1932 på 5 000 meter, og 1934, 1935, 1937 på 10 000 meter. I 1942 vann begge distansane ved den nasjonale meisterskapen.
Personbeste 5 000 m: 14.22,0 (1939) 10 000 m: 30.05,5 (1937)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ilmari Salminen» frå , den 8. juni 2024.
World Athletics
Kategori:Finske friidrettsutøvarar Kategori:Finske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Finland Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936