Georg Oskar Braathe () var ein norsk friidrettsutøvar frå Høland i Akershus.Folketeljing 1920 Han var medlem i Søndre Høland IL, frå 1933 i oslolaget IK Tjalve.
Gardbrukarsonen Braathe var Noregs beste langdistanseløpar åra 1932-35. Han vart norsk meister på 5 000 meter i 1932. Dei neste to åra vann han så vel 5 000 m som 10 000 m under noregsmeisterskapen. I den siste av desse to meisterskapane sette han norsk rekord på 5 000 meter med tida 14.57,2 og fekk tildelt kongepokalen. Rekorden stod einast ei veke før Johannes Bognerud forbetra den med 4 sekund. Tidlegare, i Stockholm i september 1933, fekk Braathe sluttida 31.40,8 på mila, ei tid som var norsk milrekord til Odd Rasdal i 1936 fekk notert 31.40,4. Under EM i friidrett 1934 i Torino sprang Braathe i mål til fjerdeplass på mila.
Braathe sikra seg seks NM-gull åra 1932-35, likt fordelt på 5 000 og 10 000 meter.
Medaljar i norske meisterskap 1930: Bronse i terrengløp 1931: Bronse i terrengløp 1932: Gull på 5 000 m 1933: Gull på 5 000 m og på 10 000 m 1934: Gull på 5 000 m og på 10 000 m, sølv i terrengløp 1935: Gull på 10 000 m 1936: Bronse på 10 000 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Georg Braathe» frå , den 9. juni 2024.
World Athletics
Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Folk frå Aurskog-Høland