Reidar Sørlie () var ein norsk friidrettsutøvar som tevla i diskoskast og kulestøyt. Åra 1936 til 1939 var han noregsmeister i diskoskasting.
Aktiv Sørlie var fødd i Oslo utanfor ekteskap, voks opp i Sarpsborg. I yngre år var han medlem i TIL National. Hausten 1931 var han med å skipe Sarpsborg Idrettslag og representerte det laget til 1936. Frå 1937 atter National-medlem. Under NM i friidrett 1934 fekk han sølvmedalje i diskos og bronse i kule. Sommaren 1936 deltok han i dei olympiske leikane i Berlin, der han vart fjerdemann i diskoskasting. Under NM i friidrett 1936 innleia han ei fire år lang sigersrekke i diskos-øvinga. Samstundes sanka han medaljar i kulestøyt: sølv i 1936, 1938, 1939, og bronse 1937. Ved EM i friidrett 1938 enda han på åttandeplassen i diskos-tevlinga.
Sørlie sette tre norske rekordar i diskoskasting. Sommaren 1935 nådde han 48,80 m heime i Sarpsborg. Drygt to år seinare forbetra han rekorden innom ei veke til fyrst 49,09 m og så 51,57 meter,Nationen 6. september 1937 siste rekorden gjaldt til Ivar Ramstad kasta 52,32 m i 1948. I 1938 støytte Sørlie sitt livs lengste kulestøyt på 15,02 meter.
Vinteren 1939 mista Sørlie jobben som politikonstabel etter fyll. Arbeidde deretter som sjåfør. Under andre verdskrigen vart han arrestert for fyllekøyring og vart fengsla, siste gongen åtte månader i 1944 på Grini. Etter krigen var over reiste Sørlie til Argentina, der han fekk jobb som trenar og leiar i nasjonal idrett. Han vende heim til Sarpsborg, døydde nær 60 år gammal.
Kjelder
friidrett.no Bjørn Morstøl: Tre idrettsmenn i krig og fred. 2016. World Athletics
Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Norske kulestøytarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Folk frå Sarpsborg