Brownsville er ein by i Cameron County i delstaten Texas i USA. Byen dekker 376,1 km² og hadde 186 738 ibuarar i 2020. Her er eit subtropisk klima året rundt. I kring 94 % av ibuarane i Brownsville er latinamerikanske.

Byen vart grunnlagt i 1848 av den USA-amerikanske forretningsmannen Charles Stillman. Han kalla staden opp etter ein fallen soldat. Folketalet auka mykje tidleg på 1900-talet, då stålproduksjonen blomstra. Byen er fylkesete i Cameron County og sysselset mange menneske. Elles er mange ysselsett innom tenestenæringane og industrien, medrekna ein ein veksande luftfarts- og romtransportsektor. Brownsville har djupvasshamn og stor internasjonal handel.

Musikaren Kris Kristofferson er frå Brownsville.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brownsville, Texas» frå , den 23. juni 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Texas