Lars Bjønness () er ein norsk tidlegare roar frå Oslo som i 1989 vart verdsmeister i dobbeltsculler i lag med Rolf Thorsen. Han er medlem i i Ormsund Roklub.

Bjønnes vann 27 gullmedaljar i noregsmeisterskap gjennom 1980-åra. Fem gull kom i dobbeltsculler, fem i dobbeltfirar, ni i firar utan styrman og åtte i åttar. Han vart nordisk meister 1983, 1985, 1987 i dobbeltfirar og 1987 i åttar og 1989 i dobbeltsculler.

Etter at Alf Hansen gav seg internasjonalt, tok Bjønness over som makker til Rolf Thorsen i den norske dobbeltsculleren. Under Verdsmeisterskapen i roing 1989 roddde dei inn til siger. Bjønness var elles med å vinne VM-sølv i dobbeltfirar i 1987 med Vetle Vinje, Rolf Thorsen og Alf Hansen og OL-sølv i Sommar-OL 1988 i Seoul. Også i Sommar-OL 1992 i Barcelona]] fekk han sølv i dobbeltfirar, då i båt med Thorsen, Kjetil Undset og Per A. Sætersdal.

Bjønness og Thorsen vart tildelt Morgenbladets gullmedalje i 1989, saman med vinteridrettsutøvaren Ole Kristian Furuseth.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lars Bjønness» frå , den 24. juni 2024.

Kategori:Norske roarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Verdsmeistrar i roing Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Roarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Roarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Roarar under sommar-OL 1992