Årdalstangen-Kaupanger var eit ferjesamband i Indre Sogn mellom Årdalstangen i Årdal kommune og Kaupanger i Sogndal kommune. Sambandet vart til i 1966 då ferjesambanda i Indre Sogn vart lagde opp på nytt med at nye Revsnes ferjekai erstatta gamle Lærdal ferjekai.

Den nye vegen til Revsnes synte set å vera svært rasfarleg, og i tillegg var den sterke stigninga opp frå Kaupanger ferjekai eit risikomoment for trafikken. Med dette vedtok fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane i 1989 å byggje nytt samband mellom Lærdal, Sogndal og Årdal. Med dette vart Riksveg 53 forlenga frå Årdal til Fodnes i 1993, og ein fekk den nye Fodnes ferjekai som erstatta Årdalstangen ferjekai. På det tidspunktet eksisterte ferjesambandet som Kaupanger-Fodnes fram til 1995 då nye Riksveg 5 opna mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai, og ny tunnel Fodnestunnelen mellom Aspvikane og Lærdalsøyri. Med dette vart ferjesambandet avløyst av Mannheller-Fodnes.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Kristin Ese: «Vegutløysing for Årdal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Lærdal Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Samferdsle i Årdal Kategori:Skipingar i 1946 Kategori:Nedleggingar i 1966