Fodnes ferjekai ligg på Fukkenes mellom Fodnes og Strendene i Lærdal kommune, og er betent av sambandet Mannheller-Fodnes som del av Riksveg 5 mellom Sogndal og Lærdal.

Anlegget vart opphavleg opna i 1993 som del av nye dåverande Riksveg 53 frå Årdalstangen, og erstatta Årdalstangen ferjekai som ferjeløysing for Årdal. Alle langsambanda som opphavleg gjekk til Årdalstangen frå Gudvangen og Aurland gjekk frå no av berre til Kaupanger, medan sambandet Årdalstangen-Kaupanger heretter gjekk Kaupanger-Fodnes med kortare overfartstid og dess fleire turar for dagen.

I 1995 opna Fodnestunnelen mellom Aspvikane i Strendene og Lærdalsøyri, og ny ferjekai på Mannheller. Med dette vart det Kaupanger-Fodnes erstatta av Mannheller-Fodnes.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Kategori:Riksveg 5 Kategori:Fylkesveg 53 Kategori:Ferjeleie i Vestland Kategori:Samferdsle i Lærdal