4. divisjon i fotball 1964, avdeling Sunnmøre, vart avvikla i tida 4. mai til sundag 4. oktober med Sunnmøre Fotballkrins som arrangør. Avdelinga bestod av 8 lag. Vinnaren av avdelinga møtte vinnarane av 4. divisjon i krinsane Romsdal og Nordmøre til kampar om opprykk. Dei tre avdelingsvinnarane spelte alle ein kamp heime og ein kamp borte.
Poengtabell Plass Lag Kampar Målskår Poeng 1 SK Rollon 14 30–20 20 2 Spjelkavik 14 37–18 18 3 Velledalen og Ringen 14 25–15 16 4 Sykkylven 14 33–25 16 5 IL Valder 14 19–24 15 6 Ørsta 14 22–23 12 7 Skarbøvik IF 14 18–27 10 8 Aksla Idrettslag 14 13–45 5
Ålesunds-laget Rollon lukkast ikkje rykke opp i 3. divisjon. Etter tap 1–2 mot Nord-Gossen vart det 1–1 mot Clausenengen Fotballklubb, Kristiansunds-laget som også tapte mot Nord-Gossen, vart det omspel mellom CFK og Rollon på Rivalbana i Molde. Clausenengen vann den kampen med 4–3 etter ekstraomgangar og rykte opp. Dermed måtte både Skarbøvik og Aksla ned i 5. divisjon 1965.
Kjelder Sunnmørsposten. 1964-årgangen.
Kategori:Fotball i Noreg 1964 Kategori:Idrett i Møre og Romsdal