mini|Magda Blanc i tittelrolla i Amalie Skram sitt skodespel Agnete, fotografert av Brødrene Larm i 1901. Magda Blanc () var ein norsk skodespelar. Ho hadde ei leiande rolle ved Den Nationale Scene i Bergen i ei årrekkje.

Bakgrunn Blanc var fødd i Bergen som dotter av bankbokhaldaren Adolf Christian Blanc og Magdalene Thomsen. Familien hadde stor interesse for teater, og faren var mange år i styret ved Den Nationale Scene. Magda sjølv viste musikalsk talent. Etter middelskulen drog ho til utlandet for å studera vidare, fyrst på klosterskule i Paris, så nokre år i Hamburg der ho studerte song og teater.

Karriere

I 1901 debuterte ho ved Den Nationale Scene i fødebyen, i tittelrolla i Amalie Skram sitt skodespel Agnete. Ho utvikla seg til å bli ein av dei fremste skodespelarane ved dette teateret.

Magda Blanc hadde ein leiande posisjon ved Den nationale scene. Ho briljerte i i dramatiske roller såvel som i komediefaget, og gjorde også lykke som resitatør. Ho fekk Kongens fortjenstmedalje i gull og blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Frå 1954 fekk ho kunstnarløn.

Privatliv I 1906 gifta ho seg med skodespelaren Henning Eriksen (1878-1922). Dette ekteskapet blei oppløyst i 1915, og ho gifta seg opp att i 1918 med kapellmeister Sverre Jordan (1889-1972). Dette andre ekteskapet varte fram til 1949.

Teaterroller (utval) År Oppsetjing Rolle Forfattar Regissør Scene Ref.1920HaabetFiskerjenta JoHerman Heijermans jr.Christian SandalDen Nationale Scene

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Magda Blanc» frå , den 12. september 2024.

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1800-talet