Kulmbach er ein by og ein kommune nordaust i forbundslandet Bayern i Tyskland. Kommunen har 26 000 ibuarar og dekker 92,8 km². Byen, som ligg 304 meter over havet, er sete for administrasjonen for Landkreis Kulmbach.

Kulmbach ligg ved elva Main, omlag 20 km nord for Bayreuth. Byen er kjent for Plassenburg-borga, som hyser den største samlinga med tinnsoldatar i heile verda. Nærinsgmiddelindustrien er sentral for byen, som framsteller merkevarer som ølet brygga ved Kulmbacher Braueri og pølsene Kulmbacher Bratwurst.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kulmbach» frå , den 26. september 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Bayern