Hatløya eller Store Hatløya er ei øy i Ulstein kommune, vest for Ulsteinvik. Øya er veglaus og utan fast busetnad.
Det er fleire gravrøyser frå jarnalderen på Hatløya. I 1603 var det tre gardsbruk på øya, og fram til starten på 1900-talet auka dette talet. Øya fekk elektrisitet i 1951. Det var skule på Hatløya fram til 1968. I 1890 var elevtalet oppe i 20. Fram til Rundebrua vart opna i 1982, gjekk det bilferje frå Ulsteinvik til Runde via Hatløya. Rutebåten til Hatløya vart lagt ned i 2007. Etter det har øya blitt fråflytta.
Folketalsutvikling: 1900Folketeljing 1900 for Ulstein herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 59 8 0
Kjelder
Asbjørn Waage, Bygdebok for Ulstein og Hareid, band IV, Ulstein, 1982 Kulturminnesøk
Kategori:Øyar i Ulstein