Hans Olsson Stokke () var ein norsk omgangsskulelærar, småbrukar og lokalpolitikar. Han var frå garden Stokke i Bondalen i Hjørundfjord i noverande Ørsta kommune.

I 1838 vart Hans Stokke fyrste ordføraren i i Hjørundfjord kommune. Dette vervet hadde han i 14 år, til 1851. Han sat samanhengande i kommunestyret til i 1869. Han var og den som representerte Hjørundfjord på det fyrste amtstinget i Romsdals amt, 16. juli 1838.

Hans Stokke var gardbrukar i Olagarden på Stokke. Han var gift to gonger og hadde til saman ti born.

Han var omgangsskulelærar i tida 1825-1842. Fyrst skula han på Strendene, sidan i Bondalen

Kjelder

Folketeljing 1865

Kategori:Ordførarar i Hjørundfjord Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet