mini|‘Dame og einhyrning’. Europeisk biletvev frå 1400-talet. mini|Restar etter biletvev frå Oseberg-funnet, dei rike gravgåvene frå vikingtida på 800-talet som blei henta ut av Oseberghaugen i Vestfold i 1904. Biletvev er eit tekstilt bilete eller dekorativ vevnad danna ved kryssing av trådar i ulike fargar. Veving av biletet skjer som oftast vertikalt med ein kartong ståande bak renninga.
Historie Blant dei tradisjonelle vevtypane i Noreg var oppstadveven, der renninga blei halden stram med kljåsteinar.
Teknikk mini|Gobelengteknikk. Innslaga vender om kvar sin tråd. Det oppstår ein spalte som ein må sy igjen. mini|Slyng. Innslaga blir slyngde om kvarandre og skaper ein kant i fargeskiljet på baksida av veven. mini|Hakketeknikk. Innslaga vender vekselvis om sanme renningstråd. høgre|mini|Det oppstår hakk i fargeskilja som er «varemerke» og kjenneteikn på tradisjonell, norsk biletvev. Ein vevnad består av renning og innslag. Renninga, oftast av lintråd, er stammen i veven. Innslaget er garnet som dannar biletet eller mønsteret. Innslaget går i prinsippet vekselvis under og over annankvar renninnigstråd. Fargeskilja parallelt med renninga og skapar er ei svakheit i den tekstile strukturen som i hovudsak blir løyst på to måtar:
Gobelengteknikk Hakketeknikk
Gobelengteknikken går ut på at innslagstråden i eit fargefelt vender seg om same renningstråd. Dette skaper ei open spalte som ein må sy saman etter kvart.
Hakketeknikken går ut på at innslagstråden frå to fargefelt som grenser mot kvarandre vender om forskjellige, gjerne annenkvar, renningstråd. Dermed blir fargeskiljet sikksakkforma, eller «hakkete». Denne teknikken er nesten eit varemerke på tradisjonell norsk biletvev. Europeisk og norsk biletvev skil seg klart frå kvarandre nettopp på dette området. Dei store europeiske gobelengane har eit høgt teknisk nivå, og prøver å ta opp konkurransen med maleriet ved å gje att så å seia kvart einaste penselstrøk.
Tradisjonelle norske vevnader nyttar for det meste hardt spunne, totråda garn av spælsau. Til farging blei det nytta plantefargar.
Norske vevkunstnarar
Synnøve Anker Aurdal Ragnhild Enge Augusta Christensen Birgit Hagen Frida Hansen Else Marie Jakobsen Kåre Jonsborg Kirsti Meland Gerhard Munthe (vevnadane utført mellom anna av kona Sigrun) Bjarne Rise Ragnfrid Rise Hoel Hannah Ryggen Håkon Stenstadvold Synnøve Thorne
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Billedvev» frå , den 27. oktober 2024.
Litteratur
Kielland, Thor Bendz, 1894-1963 Norsk billedvev 1500-1800 . B.1 . Vevkunsten hos herremann og borger. Oslo : Gyldendal , 1953 Bakgrunnsstoff
Kategori:Tekstilkunst Kategori:Biletkunst