Solværet er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, sør for hovudøya Smøla. Øya er ei av dei sørlegaste i Smøla kommune. Det bur ikkje folk her.
Øya er første gong nemnt i skriftlege kjelder som busett i 1621. Det skulle då ikkje ha budd folk der før. Store delar av 1800-talet budde det to huslydar på øya. Ho vart fråflytta på 1970-talet.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet 2000 13 4 0
Solværet var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.
Kjelder
Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind III, Smøla kulturstyre, 1989 Kulturminnesøk
Kategori:Øyar i Smøla