«Firefighter» (norsk omsetjing: brannmann) er en song frå 2024 med den georgiske songaren . Songen blei gjeven ut i mars 2024 og var det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Om songen «Firefighter» er skriven av Ada Skitka og Darko Dimitrov. Den 6. mars blei tittelen på songen, «Firefighter», offentleggjord, med songen offisielt gjeven ut fem dagar seinare. Same dagen som songen blei gjeven ut, blei ein tilhøyrande musikkvideo gjeven ut. Musikkvideoen er regissert av Zaza Orasjvili.
Den georgiske kringkastaren valde til å representere Georgia i Eurovision Song Contest 2024. Gjennom den interne utveljinga, vedtok kringkastaren at «Firefighter» skulle vere det georgiske bidraget.
Georgia deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai i Malmö. Der enda «Firefighter» på åttandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. Dette var fyrste gongen sidan 2016 at Georgia kvalifiserte seg til finalen. I finalen enda «Firefighter» på 21. plass med 34 poeng.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Firefighter (Nutsa Buzaladze-sang)» frå , den 13. desember 2024.
Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar