Marko Purišić (), kjend under artistnamnet Baby Lasagna, er ein kroatisk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Han representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Rim Tim Tagi Dim», der han enda på andreplass samanlagd med 547 poeng. Songen vann sjåaravrøystinga og blei nummer tre i juryavrøystinga. Dette var det beste resultatet til Kroatia i Eurovision Song Contest sidan debuten som sjølvstendig nasjon i 1993.
Bakgrunn Marko Purišić blei fødd 5. juli 1995 i Rijeka i Kroatia og vaks opp i Umag. Han har ein yngre bror som heiter Martin, som også er musikar og opptredde som medlem av gruppa Mono Inc. fram til juni 2024.
Purišić kjem frå ein familie der mora og fleire andre familiemedlemmar jobbar som lærarar. Artisten har uttalt at han mest sannsynleg også ville blitt lærar dersom han ikkje hadde bestemt seg for å satse på ein musikalsk karriere i staden. Derimot jobba han som assistent ved ein barneskule i eit år, før han byrja å studere ved VERN-universitetet i Zagreb. Purišić hadde tidlegare studert turisme i Buje og lydteknikk i Ljubljana. Han studerte også multimedia ved Universitetet Nord i Varaždin.
Karriere miniatyr|244x244pk|Purišić som del av bandet Manntra i 2018. Frå 2011 til 2016, og frå 2018 til 2022, var Purišić gitarist i den kroatiske rockegruppa Manntra. Bandet deltok i den kroatiske Eurovision-uttakinga Dora 2019, og enda på fjerdeplass med låten «In the Shadows». Etter kvart gjekk han over til å satse på ein solokarriere i 2023. Den 21. oktober 2023 gav Purišić ut debutsingelen «IG Boy» under pseudonymet Baby Lasagna gjennom Molly Studios. To månader seinare kom oppfølgjarsingelen «Don't Hate Yourself, But Don't Love Yourself Too Much».
Purišić var blant deltakarane i Dora 2024, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Rim Tim Tagi Dim». Der tok han seg vidare frå semifinalen 23. februar 2024 og vann til slutt finalen 25. februar. Songen debuterte på nummer 24 på hitlista , den fyrste listeplassering til Purišić i Kroatia. Etter sigeren i Dora gjekk songen til topps på lista og nådde seinare ein andreplass på Billboards Croatia Songs.
Den 23. mars var Purišić programleiar for musikkprisutdelinga Porin Awards. I april avslørte Purišić at (HRT) var i gong med å lage ein TV-dokumentar om livet hans og reisa til Eurovision, som skulle sendast før semifinaleframsyninga hans 7. mai. Han avanserte frå semifinalen og vann telefonavrøystinga under finalen laurdag 11. mai. Han blei nummer tre hos juryane og enda samanlagd på ein andreplass, bak sveitsiske Nemo og songen «».
Den 15. mai selde Purišić ut tre konsertar på ŠRC Šalata, planlagde til 12.–14. september, i løpet av få minutt. Han opptredde også på Sea Star Festival i heimbyen Umag 25. mai.
Andre prosjekt I 2022 var Purišić ein viktig bidragsytar gjennom å skrive fleire songar på det tolvte studioalbumet til Mono Inc., Ravenblack . Dette bidrog til albumets suksess då det nådde fyrsteplassen i , den høgaste plasseringa til rockegruppa hittil. Fleire av songene Purišić skreiv, blei gjevne ut som singlar, blant andre «Princess of the Night», «Empire», «Heartbeat of the Dead», «Lieb mich» og «At the End of the Rainbow».
Musikkstil miniatyr|Baby Lasagna under semifinaleprøvane i Eurovision Song Contest 2024. Purišić kom på artistnamnet sitt i ein eureka-augneblink under ein handletur i Novigrad. Ein journalist i N1 Hrvatska, Bruno Šlat, skildra scenestilen til Purišić som «nokre gongar goth, og nokre gongar ei emo-nytolking av Mattel si berømte -dokke».
Purišić nemnde Rammstein, , og Tonči & Madre Badessa som sine musikalske førebilete. Musikken hans er blitt skildra som ei blanding av pop-punk, techno, metal og house. Den musikalske stilen til Purišić er ein sjølvbiografisk historiefortekling, og tek for seg hans personlege erfaringar, samstundes som han tek opp breiare samfunnsspørsmål, spesielt dei som påvirkar heimlandet hans. Blant dei klaraste eksempla på dette er «Rim Tim Tagi Dim», som skildrar ein ung gut si reise frå Kroatia på jakt etter ei lysare framtid i eit anna land.
Personleg liv Purišić er katolikk. I eit intervju med Bitno.net nemnde han Padre Pio og apostelen Paulus som sine andelege førebilete. Han er trulova med Elizabeta Ružić, som oppmuntra han til å starte ein solokarriere.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Baby Lasagna» frå , den 16. desember 2024.
Kategori:Kroatiske musikarar Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar