Anders Sørensen Vedel () var ein dansk prest og historikar.

Biografi mini|venstre|portrett|Anders Sørensen Vedel. Samtidig relieff i Ribe domkyrkje.

Vedel var fødd i Vejle, som han tok tilnamnet «Vedel» frå.Carl Frederik Bricka, Dansk Biografisk Lexikon, vol. XVIII [Ubbe - Wimpffen], 1904, pp.292-301 Available online Frå 1562 til 1565 var han med Tycho Brahe til Leipzig og Wittenberg som hovmeister. Etter å ha oppnådd magistergrad ved universitet i Wittenberg i 1566 blei han slottspredikant ved Københavns Slot i 1568, og hadde embetet til han flytta til Ribe i 1581.

Verk I perioden 1570-75 omsette han Gesta Danorum av Saxo frå latin til dansk. Som historikar var han i gang med å samla materiale til ein stor danmarkshistorie, og nådde 22 bind før han måtte gje opp arbeidet.

I Noreg er han mest kjent som opphavsmann til Hundreviseboka (Et hundrede udvalgte danske viser), der han skreiv ned mellomalderballadar og andre viser som var kjende i folketradisjonen. Hundreviseboka kom ut i 1591, og var den fyrste i sitt slag i Nord-Europa. Visesamlinga til Vedel har vore eit viktig referanseverk for norsk balladeforsking.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anders Sørensen Vedel» frå , den 8. januar 2025.

Kategori:Danske historikarar Kategori:Danske prestar Kategori:Folkloristar Kategori:Folk frå 1500-talet