Tiompán (irsk), tiompan (skotsk gælisk) eller timpan (walisisk) var eit strengeinstrumentAnn Buckley, "What was the Tiompán? A Problem in Ethnohistorical Organology. Evidence in Irish Literature", in: Jahrbuch fur Musikalische Volks- und Völkerkunde, vol. 9 (1977), p. 53–88. som musikarar brukte i Irland og Storbritannia i mellomalderen.

Ordet timpán var både hannkjønn og hokjønn i klassisk irsk. Det er sett fram teoriar om at det er avleidd frå det latinske ordet tympanum (tamburin eller pauke), og det verker som om timpán er blitt brukt i nokre gamle tekstar om trommer. Det er ikkje uhøyrt for namn på trommer og strengeinstrument å vera i slekt, som trommenamnet tambour som i opphavet stammar frå det persiske strengeinstrumentet tambūr (بور). Både tympanum og tambūr kan vera i slekt med det greske ordet pandoûra (πανδοῦρα). Ein trur også at tiompán var ei slags lyre, eller ein langhalsa lutt.Darina McCarthy, "Timpán/Tiompán", in: The Encyclopaedia of Music in Ireland, ed. Harry White & Barra Boydell (Dublin: University College Dublin Press, 2013), p. 987. Mellomaldertekstar om tiompan har nemnd at instrumentet skil seg frå cruitar med ni strenger, og at tiompan vanlegvis hadde tre strenger. Desse kjeldene viser òg til fingertuppar og -sider brukte på strenger, truleg for å pressa strengene og få dei til å produsere høgare tonar. Kjelder nemner strenger av metall, ofte bronse, og med tanke på perioden tiompanar var til, er det meir truleg at ein fekk lyd frå strengane ved å klimpra dei enn at ein nytta boge på dei.Ann Buckley, "What was the Tiompán? A Problem in Ethnohistorical Organology. Evidence in Irish Literature", in: Jahrbuch fur Musikalische Volks- und Völkerkunde, vol. 9 (1977), p. 53–88. Det er stor sjanse for at namnet blei brukt om andre instrument i tidleg moderne tid.

Dokumenterte tiompanspelarar er mellom anna Maol Ruanaidh Cam Ó Cearbhaill (drepen 1329) og Finn Ó Haughluinn (død 1490), den siste dokumenterte spelaren av instrumentet.

I moderne irsk tradisjonsmusikk blei ordet «tiompan» brukt av Derek Bell etter Francis William Galpin for å visa til dulcimer. Andre hypotetiske reproduksjonar liknar det waliske instrumentet crwth, og gammalgresk og romersk pandura.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tiompan» frå , den 21. januar 2025.

Kategori:Skotsk musikk Kategori:Irske musikkinstrument Kategori:Harper